Turnéteatret i Trøndelag: «Jakob og Neikob»

KulCo og Turnéteatret i Trøndelag presenterer:

Ei humoristisk og musikalsk reise inn i det ukjende.

Jakob og Neikob er to gode vener som bur i lag, men er veldig forskjellige. Jakob seier JA til alt, medan Neikob seier NEI til alt.

No har dei to venene akkurat oppdaga at dei har fått ein ny nabo. Jakob blir glad, men Neikob er svært skeptisk og byggjer eit høgt gjerde. Jakob byggjer ei bru, men har ikkje Jakob høyrt at ein ikkje skal snakke med framande? Då naboen plutseleg dreg att gardina, meiner Neikob at det syner at Naboen har noko å skjule!

Kari Stai sine bøker om Jakob og Neikob har blitt moderne klassikar for barn. Bli med Jakob og Neikob på ei reise inn i det ukjende, og sjå korleis historia deira endar godt først når dei to samarbeider.

Basert boken av Kari Stai
Regi: Morten Røsrud
Scenografi og kostymedesign: Mari Lotherington
Lyddesign: Andreas Wangsbro

Forestillingslengde: 1 time 10 minutter (ingen pause).

OBS: KulturCompagniet vil til enhver tid forholde seg til smittevern og restriksjoner gitt fra Helsemyndighetene. Eventuelle endringer og relevant informasjon knyttet til dette arrangementet vil gis pr. e-post til adressen som er registrert ved kjøp av billett(er).


Billetter til Turnéteatret i Trøndelag: «Jakob og Neikob»

  1. Man 29. nov kl 18:00 285/225 kr   Smia Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_